Nett.no melde i førre veke om at Tanberg gir seg, og til Vikebladet Vestposten fortel Tanberg at avgjersla ikkje inneber spesielt mykje dramatikk.

- Nei, på ingen måte. Dette kom eg fram til gjennom ei heilskapleg vurdering, der eg også har rådført meg med familien min. Eg har pendla til og frå bustaden min i Langevåg desse åra eg har vore i Kleven, og no var det på tide å gjere ei endring, seier Tanberg.

Som kan røpe at han allereie har funne seg nytt arbeid i Ålesund.

- Det er sjølvsagt trist å forlate Kleven i ei så spanande tid for konsernet, men dette var det rette for meg, seier Olav Tanberg.

Ulsteinvik-busette Ola Beinnes Fosse, tidlegare analytikar og direktør i Rem, tek over stillinga som finansdirektør.