- Fosnavåg sentrum er i god utvikling. Dei siste tilskota, som hotellet, konserthuset og badeland, er viktige element i det å skape ein by. Men like viktig er det at det bur folk i byen, og at det er folk og liv i gatene også når butikkane stengjer. Folk vil ha utsikt og mange vil bu sjønært, men også sentralt. Dette prosjektet er midt i blinken for dei som ynskjer å bu slik, seier dagleg leiar i Igesund Eigedom AS, Tor Igesund.

Ynskjer god prosess med kommunen

- Ein mindre del av industriområdet i Fosnavåg sentrum blei omregulert i 2005, men no står resten av området for tur. Vi vil med dette vise korleis området kan nyttast, seier han.

Området det er snakk om, er arealet som i dag ligg bakom bygget der Meny og Vinmonopolet ligg i Fosnavåg sentrum. Området er på 34 mål, men dersom noko av sjøen blir fyllt ut, vil det bli på heile 40 mål, noko som vil gjere det til ein ny bydel ifølgje Tor Igesund.

- Kommunen sin arealplan er under rullering. I den nye planen, som truleg blir vedteken i haust, blir heile dette området omdefinert frå industri- til sentrumsfunksjonar. Det vil seie at det kan nyttast til handel, kontor og leilegheiter. Fordi selskapa som eig området, tre selskap som Igesund-familien eig, går for dette, så har vi fått laga eit forprosjekt, seier Igesund.

No ynskjer Igesund Eigedom AS dialog med Handelsforeninga, Næringsforumet og innbyggjarane i Fosnavåg.

- Dette er eit innspel i det vi håpar skal bli ein god prosess saman med kommunen, og andre aktørar, fram til ein endeleg plan. Vi har tenkt på dette i lang tid, og er godt førebudde.

Tysdag presenterte Igesund planane i formannskapet i Herøy. Sjølv om det ikkje blei gjort nokre vedtak, så var meiningane blant politikarane at planane såg tiltalande ut.

Stor utbygging

Forprosjektet viser ein ny bydel med plass til mellom 100 og 130 leilegheiter,  mellom 4.000 og 5.000 kvadratmeter kontorflate, 3.000-4.000 kvadratmeter butikkflate, ei kai på 200 meter, parkanlegg, store parkeringsareal, og ein gangpromenade som går frå Vågsplassen, langs sjøkanten, heilt inn mot Kleivavika.

Tor Igesund fortel at det er spesielt ein funksjon store delar av arealet vil bli nytta til, og som har vore eit behov i mange år.

- Fosnavåg har mangel på parkeringsareal og med auka aktivitet så treng vi meir parkering.  Planen tek omsyn til dette, og det meste av det nye utfylte arealet vil bli parkering, promenade og grøntareal.

Forprosjektet viser også moderne kontor- og leilegheitsbygg ved sjøkanten.

- Dette vil gi ein heilt ny og moderne fasade sett fra sjøen. Her er det solrikt og ei usedvanleg flott utsikt, både i sør gjennom vaulen mot Stadt, ut mot havet forbi Runde, nordover mot øyane utanfor Ålesund, samt heile Holmefjorden og Fosnavågen innanfor, seier Igesund og legg til:

- Med butikkar og sentrumsfunksjonar i spaseravstand, trur vi dette området vil bli en svært attraktiv plass å bu og arbeide i.

Byggjestart om få år

Igesund meiner byggjestart på dei fyrste bygningane kan vere mogleg allereie i 2016 eller tidleg 2017.

- Før den tid må vi få på plass ei regulering, og dermed ein totalplan for heile infrastrukturen, med tilkomstvegar, gatenett og så vidare. Vi har håp om at ein reguleringsplan kan vere klar innan utgangen av 2015 eller starten på 2016, seier Tor Igesund avslutningsvis.