Bjørdal er medlem av arbeids- og sosialkomiteen og sit sin første periode på Stortinget. Saman med ein annan like gamal representant er han yngst der. Begge er 24 år.

- Høgresida sin næringspolitikk er for passiv, meiner Bjørdal. - Staten må vere aktiv overfor nøkkelbedrifter der Norge har eit fortrinn, meiner han.

Starta i Ulsteinvik

Bjørdal seier at han ikkje har starta nokon valkamp, men er ute etter å skaffe seg kunnskap om arbeidslivet i heimefylket.

Dagen starta på NAV i Ulsteinvik der han fekk melding om svært mykje å ta tak i. Deretter venta Stålhaugen og samtale med leiinga i Mare Safety.

– Eg registrerte stor optimisme i Ulsteinvik – i motsetning til det eg opplevde under eit liknande bedriftsbesøk i Kristiansund, kunne Bjørdal fortelje.

Så gjekk vegen til Brandal og omvising på Ishavsmuseet v/ Webjørn Landmark og Trygve Holm. – Det er første gong eg er på Ishavsmuseet – og eg visste verkeleg ikkje at det var så bra. Eg likte særleg godt at det er eit museum som ikkje berre stiller ut, men som også dokumenterer. Det er flott for studentar, forskarar og forfattarar – og også positivt med tanke på å kome inn på statsbudsjettet.

Hallvandring i Hjørungavåg

Bjørdal runda av dagen med å la seg vise rundt i verkstadhallane på Rolls-Royce i Hjørungavåg av innkjøpar Stian Runne Brandal. Her f ekk han vite at Rolls-Royce kjøpte brorparten av aksjane i Odim i 2009 – og resten i 2010 og produserer utstyr for seismikk- og subsea-områda. Han fekk også vite at Rolls-Royce i Hjørungavåg i dag har om lag 250 tilsette og at dei har redusert litt i det siste. Men 2015 vil etter alle solemerke å døme gi ein opptur.

Språkutfordringar

Undervegs på vandringa gjennom hallane fortalde monteringsformann Jo-Helge Dimmen, som begynte i Odim i 1997, at bedrifta har prøvt å halde seg til norsk- og engelskspråklege arbeidarar. Arbeidsspråket er norsk, medan teikningane er på engelsk. Dei har hatt polakkar som ikkje har snakka godt nok norsk eller engelsk, og det har vore problematisk. Dimmen forklarer at språk er viktig med tanke på tryggingsaspektet.

Stian Runne Brandal kunne på si side opplyse at svært mange av dei Rolls-Royce-tilsette i Hjørungavåg pendlar dit frå andre plassar – og særleg frå Ålesundssida.

Lærlingar er god politikk

Dimmen fortalde elles at dei tek inn ein lærling i året frå TAF-linja i Ulsteinvik – og at dei i dag har fire frå denne linja.

Bjørdal meinte dette er god og viktig politikk. Lærlingane vil etter kvart få kjennskap til alle jobbane og blir derfor ofte svært gode og innsiktsfulle ingeniørar.

Bjørdal snakka med eit par av lærlingane:

Henrik Ingeberg frå Ulsteinvik fortalde at han jobbar fram mot fagprøve etter to og eit halvt år. På sikt er målet å bli reisemontør.

Ann-Kristin Vågen, som bur på Hareid, men er frå Kristiansund, jobbar fram mot fagprøve som sveisar. Ho tippa at ho kom til å gå meir på skule etter fagprøva.