Sjølv om enkelte politikarar såg fordelane med ein SSR-base i Dragsund, klarte ikkje dagleg leiar Einar Heimdal å overtyde formannskapet i Herøy om at anlegget er ein god idé, skriv Vestlandsnytt.

Ifølgje avisa er det fleire av politikarane som meiner anlegget både er for stort, og at det kan ende opp med å ta opp for mykje plass, som heller kan nyttast til andre ting.

Ordførar Arnulf Goksøyr peika mellom anna på at Dragsund vil kunne ligge svært sentralt i ei potensiell ny storkommune, og at området kanskje burde vere avsett til noko anna.

Formannskapet i Herøy ende ifølgje Vestlandsnytt på at administrasjonen må kome attende med ei breiare vurdering av saka, og deretter kome med eit nytt framlegg.