Den norske designaren Einar Hareide er blitt engasjert som designsjef for den tyske bilfabrikanten Borgward AG. I dag vart det ærverdige bilmerket Borgward relansert på bilutstillinga i Genève.

Einar Hareide er mest kjent som tidlegare designsjef på SAAB Automobile og grunnleggjaren av Hareide Design i Oslo. No skal Hareide og firmaet hans Hareide Design bidra med å utvikle den tyske bilprodusenten.

Ikoniske bilar

Frå 1919 til 1961 skreiv Borgward bilhistorie. Som Tysklands største og mest suksessfulle bilprodusentar gjennom tidene, skapte dei tidleg i det forrige århundre nokre av dei mest ikoniske bilane, i tillegg til ei rekkje kommersielle transportmiddel som lastebilar, bussar, brannbilar, båtar, elektriske bilar, sportsbilar og helikoptre.

Ser framover

På den 85. bilmessa i Genève annonserte Borgward AG i dag spennande planar for framtida. Einar Hareide vart introdusert som ei viktig brikke i design og relansering av ein av dei mest innovative merkevarene i bilhistoria.

Ein viktig del av jobben Borgward og Hareide har gjort, er å vidareutvikle merkevarens DNA. Borgward har i stor grad vore inspirert av grunnleggjaren Carl F. Borgwards visjonære tilnærming til innovasjon og perfeksjon. Dette skal no oversetjast til bilar relevant for dagens kresne, globale kundar.

Eleganse, funksjonalitet og tilgjengeligheit er viktige stikkord.

- Eg kjenner meg både privilegert og utfordra. Jobben handlar no om å sameine den historiske estetikken med «state of the art» teknologi for ein moderne, high tech, bærekraftig og endå meir avansert bil, seier Einar Hareide.

- Eg er veldig stolt over at Einar Hareide har vore ein så viktig del av arbeidet med å revitalisere merkevaren Borgward. Gjennom kompetanse og hans lange erfaring har han bidrege med lidenskap og inspirasjon i prosessen med å forvandle Borgward til ein moderne og premium merkevare, seier Karlheinz L. Knöss, Vice President Borgward AG.