Mange har nok sakna kafeen i Bakargarden i Ulsteinvik etter Sissel Rasmussen la ned drifta. Lokala blir i dag brukt til selskapslokale, men frå slutten av januar har det igjen blitt baka i Bakargarden.

Synnøve Ringstad leiger lokala tre dagar i veka, mest som ei hobbyverksemd. Flatbrød og aniskringler har blitt varemerket hennar, men ho bakar også tynnlefser, kransekake, rundstykke og anna bakst.

– Det er heilt fantastisk å vere her i Bakargarden. Her får eg gjere det eg alltid har likt, bake og ta vare på tradisjonar, smiler Synnøve Ringstad.

Når lokalavisa er innom er det fyr i peisen og triveleg pynta til påske.

Gamle oppskrifter

Ho fortel at ho i lang tid har baka flatbrød og lefser heime. Tradisjonen tok ho over etter farmora frå Trysil. Det var alltid potetlefser til jul frå farmora. Då farmora slutta, ville Synnøve ta over, men det var ikkje lett å få noko oppskrift frå henne. Det var på gamlemåten, «litt av det og litt av det til du har ein passe deig.» For Synnøve var det viktig å få det heilt likt som potetlefsene til farmora. Ho brukte fleire år med prøving og feiling for å kome fram til rett oppskrift både på potetlefsene og flatbrøda.

– Flatbrøda er i hovudsak av poteter, ikkje mjøl, som er mest vanleg her, fortel ho.

Tynnlefsene har ho etter tante Hagny si oppskrift.

– Ho og eg baka tynnlefser heime på Vollane, og eg lærte korleis ho hadde gjort det frå gamalt av.

Flatbrødet til Synnøve er populært. Ho har levert flatbrød til Quality Hotel Ulstein ved eit par høve.

– Eg trur fleire ville ha brukt meir flatbrød om dei kjende smaken av dei heimelaga.

Småskalaproduksjon

– Eg driv ikkje med storskalaproduksjon. Dette er å rekne som ein hobby og gir meg mykje glede å halde på med. Eg får skape og lage noko, seier ho.

Fredagar har ho gjerne ope nokre timar midt på dag. Om døra er open er det kjekt når folk tek seg ein tur innom. Då er det mogleg å kjøpe seg ein kopp kaffi, te og noko bakst attåt.

– Velkomen innom, stråler Synnøve og synest det er koseleg med besøk.