Alle arbeidstakarar over 62 år ved Ulstein verft har vore inne til samtalar med tanke på nedbemanning ved verksemda.

- Vi må gjere omstillingar. Marknaden er tøff, det veit alle. Skal vi kunne styrke oss for framtida må vi sjå på korleis vi skal kutta kostnader og verte enda meir konkurransedyktige, seier Lene Trude Solheim, kommunikasjonssjef i Ulstein Group til Vikebladet.no.

Ho fortel at verftet no er midt inne i ein prosess der dei går gjennom dei ulike delane av organisasjonen med tanke på å kutte kostnader.

Dei tilsette har vore kjende med omstillingsplanane ei tid og midten av januar vart det kjent at Ulstein Verft legg ned avdelinga i Vanylven.

Frå tidlegast fylte 62 år kan ein arbeidstakar gå av med avtalefesta pensjon, AFP. I følgje Solheim utgjer arbeidstakarar over 62 år omtrent ti prosent av arbeidsstokken ved verftet.

Ein tredjedel av dei som har vore inne til samtalar har uttrykt ønskje om at dei ønskjer å halde fram i jobben, i følgje dei opplysningane Lene Trude Solheim sit inne med.

Ulstein Verft har rundt 400 tilsette.