Rolls-Royce-direktør John Knudsen meiner at Rolls-Royce i Noreg er for topptung. Han vil ha ei lettare og meir effektiv leiing, spesielt i ei tid med lågare aktivitet, skriv nett.no.

Selskapet tek no grep. Når ein før sommaren kvittar seg med dei første 200 av dei 2.300 norske tilsette, er det mange i administrasjonen som må gå.

200 Rolls-Royce tilsette må gå før sommaren

John Knudsen, leiar for Rolls-Royce Commercial Marine, meiner dette må til, sjølv om selskapet i fjor hadde ein nedbemanningsprosess der det gjekk sluttpakketilbod til 350 leiarar og mellomleiarar. Staben vart då slanka med 125 tilsette.

Bli lett og effektiv

Knudsen meiner at no må det gjerast meir.

– For å svare heilt ærleg, så synst eg framleis vi er litt topptunge, seier Knudsen til nett.no.

Han meiner at dette er ei utfordring ikkje berre i Norge, men for heile marinedivisjonen i konsernet, som den norske delen er underlagt.

– Ei lettare og meir effektiv leiing som kan reagere raskare, er ein del av det som skal byggje den framtidige konkurransekrafta vår, seier Knudsen.

Ordretilgang avgjerande

Trass i at det etter Knudsen sitt syn er for mange leiarar og mellomleiarar i den norske delen av Rolls-Royce, seier han at det er svekt ordreinngang som er årsaka til at Rolls-Royce særleg ser mot Noreg når det skal kuttast 600 av totalt 6.000 globalt i den marine divisjonen. Vel halvparten skal takast i Noreg; 200 til sommaren, ytterlegare 125 fram til nyttår.

– Vi merkar effekten av liten aktivitet i offshoremarknaden, som representerer den største delen av verksemda vår i Noreg.

Nedbemanningar i Rolls-Royce Marine

Knudsen avviser at nedbemanninga er ein del av ein strategi om å redusere aktiviteten i Noreg, der Rolls-Royce har tre lokasjonar i Hordaland og seks på Sunnmøre.

– Strategien er ikkje meir komplisert enn at vi må følgje marknaden, og samtidig vere klare når marknaden kjem tilbake. Dette er ein balansegang for alle i næringa vår i desse dagar.