Denne vinteren og våren er fleire norske fartøy lagt i opplag. Låge oljeprisar og ein sviktande marknad må ta brorparten av skulda for at over 40 norsk offshoreskip er utan oppdrag.

– Det er altfor mange fartøy og altfor lite arbeid. Det fører til at innteninga på desse fartøya blir altfor låg. Det lønar seg rett og slett ikkje å drive fartøy på denne måten lenger, seier administrerande direktør i Island Offshore Håvard Ulstein til NRK.

Island Dawn vert lagt i opplag

Torsdag offentleggjorde selskapet at eitt av supplyskipa deira blir lagt i opplag med det same. Det er det tredje fartøyet Island Offshore har lagt teke ut av fart i år.

Ei oversikt maritime.no har laga, viser at 44 norske skip per no ligg i opplag. Selskapa Eidesvik, Møkster og Maersk Supply har kvar fire skip i opplag, medan Farstad, Bourbon, Nor Supply, Maritim Management og Island Offshore har teke tre skip kvar ut av fart.