Dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest, Arnfinn Ingjerd, vel å vere optimist framfor pessimist når det gjeld dei noko dystre utsiktene den maritime næringa ser ut å stå overfor.

– Nedbemanninga Rolls-Royce står framføre er sjølvsagt dramatisk for dei det gjeld. Men det er også grunn til å understreke at den bølgedalen vi plutseleg har kome i ikkje er spesiell. Det spesielle er ikkje at vi er i ein bølgedal, men at det er så lenge sidan sist, seier Ingjerd og legg til:

– Vi som har vore i bransjen i lang tid veit at det har gått opp og ned. Eg og mange andre er difor overtydde om at vi kjem oss ut av bølgedalen og opp på ein ny bølgetopp. Verda treng mat, energi, transport, mineral og opplevingar. Svaret på alt dette er havet.

Langt framme på innovasjon

Ingjerd peikar på den maritime klynga på Nordvestlandet si emne til omstilling.

– Havet har uendeleg med moglegheiter. Regionen er godt budde på å vere med på den neste oppturen, fordi vi har den naudsynte kompetansen, teknologien og «driven» som skal til. Eg er framleis optimist, absolutt, seier Arnfinn Ingjerd.