Ulshav kan sjå attende på ei positiv utvikling i året som har gått, ikkje minst når det gjeld å få folk tilbake i arbeidslivet.

Gjennom tiltaket Arbeid med bistand kan personar som av ulike årsaker ikkje er i vanleg arbeid, få oppfølging og rettleiing.

Her kan Ulshav syne til det aller beste resultatet i fylket. I følgje dagleg leiar ved Ulshav, Håvard Ringstad, er gjennomstrøyminga av deltakarar i dette tilbodet høg og 60 prosent av dei som har tatt del i dette kom seg ut i arbeid.

- Vi konstaterer at Ulshav held fram med ei positiv utvikling, både innanfor sosial og økonomisk verdiskaping, seier Ringstad.

Også når det gjeld tilbodet Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS) kan Ulshav syne til gode resultat når det gjeld å få folk ut i arbeid.

- APS er ikkje først og fremst eit formidlingstiltak, men vi er likevel mellom dei tre beste i fylket også her, seier Ringstad.

Ulshav auka omsetnaden med om lag 2,4 millionar kroner i fjor, men gjekk likevel med eit lite underskot.

- Både omsetningsauken og underskotet skuldast opprettinga og drifta av bakeriet Mjøl & Meir, forklarer Håvard Ringstad.

Mjøl og Meir opna dørene i slutten av november i 2013 og hadde sitt første heile driftsår i fjor.

- Variert praksistilbod

Han fortel at gjennom etableringa av Mjøl & Meir har Ulshav bygd ut eit svært variert og omfattande tilbod for arbeidspraksis.

- Dette omfattar både bakeriet og kaffibaren, jobbfruktavdeling og treavdeling. Vi har med dette eit breidt grunnlag for arbeid innanfor service og næringsmiddel, logistikk og varelevering, og vi har ei fleksibel treavdeling med produksjon innanfor alt frå hagemøblar til avansert datafresing, ramsar han opp.

Ringstad fortel at dei legg vekt på å jobbe mot NAV sine satsingsområde på ein god og offensiv måte.

- Slik møter vi menneska det gjelder med respekt og omtanke. Vi legg og vekt på å møte dei med dei krav og forventningar som er relevant for arbeidslivet, noko som gjer at vi legg innsats i å drive produksjonsavdelingane våre med ein kvalitet, service og presisjon som både møter og kanskje overgår dei forventingane kundane våre måtte ha, seier han.

- Gode mulegheiter for dei som treng det

Han meiner at alle Ulshav sine avdelingar og dei tilsette samla sett gir gode mulegheiter for den som treng det.

- Dette er menneske som er i eit utdanningsløp og treng lærling- eller lærekandidatplass, menneske som er sett utanfor arbeidslivet og ønskjer å jobbe seg tilbake, menneske som mottar trygd og ønskjer å bidra i samfunnet for seg sjølv og andre, eller menneske som treng å praktisere språket og arbeidet, seier Håvard Ringstad.

Han peikar likevel på at Ulshav er heilt avhengig av eit tett og godt samarbeid med næringslivet i regionen.

- Dette gjeld både for produksjonen og arbeidsoppdraga i avdelingane, men også for jobbkonsulentane og arbeidet dei gjer med å hjelpe menneske ut i jobb. Ein stor del av æra for dei gode resultata våre skal også alle enkeltpersonar som handlar hos oss ha, anten det er brød, kaffi, hagemøblar eller andre produkt dei vel seg, seier Håvard Ringstad.

- Ulshav held fram med si positive utvikling, både innanfor sosial og økonomisk verdiskaping, seier dagleg leiar i verksemda, Håvard Ringstad. Foto: Arkiv