- Folk er mykje meir på nett en tidlegare, og behovet for bandbreidde veks raskt. Trafikken frå strøymetenester som Netflix og HBO er no ein stor del av trafikken på internett. Mange husstandar har 10-20 einingar som er tilkopla internett til ei kvar tid, og for stadig fleire dekkjer ikkje vanleg breiband og mobilt breiband behovet for høghastigheits-internettilgang, seier Ivar Driveklepp, administrerande direktør i Tussa IKT.

Tussa tok til å bygge ut fibernett på Søre Sunnmøre i 2009 og verksemda fortel at dei no har om lag 5000 kundar. I følgje Tussa er etterspurnaden etter fiber framleis stor både hos private og bedrifter i distriktet og dei kjem difor til å satse vidare.

Tussa har i dag bygt ut fibernett i alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre, fordelt på i alt 90 utbyggingsfelt. Akkurat no er aktiviteten størst i Ørsta og Volda der 13 nye felt skal vere klare i løpet av året. I Hareid har salsarbeidet tatt til.

Tussa har i dag bygd ut fiber i 90 felt fordelt på alle sju kommunar på søre Sunnmøre. I dag er det størst aktivitet i Volda og Ørsta kommunar, med gravestart i 13 nye felt som skal vere ferdige i løpet av året. På Hareid er det salsaktivitet i sentrum, og i fleire kommunar er Tussa i sluttfasen med installasjon og ferdigstilling. Mange stader er lokalsamfunna svært ivrige etter å få den nye teknologien.

- Elles er Gjerdsvika er eit godt døme på at mange lokalsamfunn er ivrige etter å få på plass ny teknologi. Der har lokale eldsjeler og stor oppslutnad blant befolkninga gjort det mogleg å byggje ut fiber, seier Driveklepp som syner til at det på Tussa sine nettsider er råd å medle inn interesse for fiberutbygging.

- Dette er noko av det vi tek omsyn til når vi planlegg nye fiberfelt, seier Ivar Driveklepp.