- Eit breitt og spennande næringsliv gjer faga kjekkare og dermed læreprosessen betre. Teorien får bein å stå på og gir meining og motivasjon for elevane, seier lærar i økonomifag ved Ulstein vidaregåande skule, Adeleine Eiken.

Ho fortel at næringslivet er positivt og interesserte i å bidra i skulekvardagen.

- Eg vil skryte av engasjementet  og viljen til å tilpasse presentasjonar og opplegg til kompetansemål og oppgåver elevane skal jobbe med. Dette er gratis motivasjon både for elevar og lærarar som vi set stor pris på, seier Eiken.

- I år har eg og marknadsføringselevane mine fått påfyll av Nordea Ulsteinvik med leiar for personkundemarknaden, Endre Vatne i spissen,  livlige og entusiastiske Helen Sævik ved butikken Style i Fosnavåg og Kleven Verft representert av kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund. Alle tre med presentasjonar som får teorien til å få solide bein å stå på og som skaper interesse og engasjement i skulekvardagen, rosar Eiken.

Ho tykkjer dei har blitt presentert for eit flott opplegg av verksemdene:

- Fokus har vore på segmentering, forbrukaradferd, konkurransemidla produkt, pris, distribusjon og marknadskommunikasjon. Alt dette er brikker for å forstå marknadsplanen som verktøy og for å kunne lykkast i ein marknad med tøff konkurranse og stadige endringar i rammevilkåra både internt og eksternt, seier ho.

Eiken peikar på at ved å spele på lag med næringslivet kan ein sjå at moglegheitene er mange og at personlege eigenskapar, vilje, interesse og arbeidsinnsats for å realisere eigne mål kan opne dører til mange spennande jobbar seinare i livet.

- Det er fleire bedrifter vi kan skryte av i samband med tidligare bedriftsbesøk. Jets på Hareid har vore flittig brukt med godt fagleg opplegg, der vakuum for mange har fått ein ny dimensjon, seier Adeleine Eiken som også trekker fram Arbiro med Roger Djupvik.