Tala for verfta i Noreg viser at ordretilgangen for 2016 nesten er som normal, medan 2017 ser dårlegare ut, fortel Kleven til NRK.no. Kleven er også styreleiar i Kleven Maritime.

Oljeprisfall og ein heller laber offshoremarknad har gjort at mange står utan arbeid. Offshorenæringa har stoppa litt opp, viser ho til.

Kleven har håp om at nye krav til miljøteknologi skal setje fart i fornyinga av ferjeflåtar, fiskebåtar og andre fartøy.

– Men dei verkemidla må kome fort for at det skal hjelpe i 2017, seier ho til NRK.

Kleven viser til at statsføretaket Enova snart kjem med ei ordning som skal stimulere til miljøteknologiutvikling innan sjøtransport.