Vard annonserte i august ein kontrakt på ein reketrålar som skal byggjast for eit kanadisk reiarlag. Fartøyet får Rolls-Royce design, og no er også ein avansert utstyrspakke frå Rolls-Royce spesifisert.

I tillegg til Bergen hovudmotor, Promas propulsjon, elektro og automasjonssystem, skal fartøyet utstyrast med ein heilt nyutvikla trålvinsj frå Brattvåg som blir drive av permanent magnet teknologi.