Fleire toppar frå næringslivet, mellom dei Jon Erik Engeset, Jogeir Romestrand og Tore Ulstein, går saman i investeringsselskapet Novela for å investera i verksemder på Nord-Vestlandet, skriv nettavisa Nett.no.

Dei startar eit såkalla private equity-selskap som investerer i selskap som ikkje er børsnoterte. Dei er aktive eigarar og ikkje som eit fond.

Mennene som går saman har mellom anna bakgrunn frå stader som Aker, NHO, Ewos. Dagleg leiar i selskapet, Ivar K. Nesset, seier at i tillegg til kapital har investorane viktig nettverk og kompetanse.

Novela har ikkje kjøpt seg inn i noko selskap enno, og seier dei vil bruka tid for å finna dei rette investeringane.

Området dei vil satsa på strekk seg frå Nordfjord i sør til Kristiansund i nord.