Superyachten Ulysses, som vart overlevert frå Kleven Verft i fjor sommar, ligg ute for sals, men dei færraste har vel neppe råd til å verken kjøpe eller leige det rikt utstyrte fartyet. Takka vere TC Media kan vi likevel få vere med om bord, om enn berre gjennom ein virtuell video.

Skulle du likevel vere interessert i å kjøpe kan vi opplyse om at Ulysses, som no ligg for anker ved Monaco, har 15 store gjesterom, eit elleve meter langt basseng og eit boblebad med plass til 12 personar og eiga trening- og spa-avdeling med sauna og hammam. Vidare er yachten utstyrt med eit rikhaldig utval av køyrety som til dømes custombygde Harley Davidson motorsyklar og ein 21 meter lang katamaran som kan gå opptil 50 knop.

Pris ved forespørsel.

Det er meklarfirmaet Burgess som formidlar salet av Ulysses. Dei har også ein del andre yachter i porteføljen om det skulle vere av interesse.