Fire månader etter at han byrja i jobben, har han framleis litt å setje seg inn i, men inntrykket av verksemda er godt.

– Det har vore interessant og kjekt, men sjølvsagt også utfordrande. Det har vore noko å tileigne seg av nye kunnskapar og informasjon, og å forstå, i tillegg til at det er mange nye menneske eg har blitt kjent med. Forretningsprosessane er også litt annleis her, men det ser eg berre på som spanande å lære meir om, seier Øyvind Tørlen.

Var med og redda oppdrettsbransjen

Vikebladet Vestposten møter den nye Jets-toppsjefen på kontoret hans på lokala til Jets i Hareidsmyrane. Tørlen er ein erfaren næringslivsmann, og kom frå stillinga som dagleg leiar og partnar i Converto AS i Ålesund. Han har også hatt mange styreverv både i Norge og utlandet.

– Eg vil seie at eg har ein variert bakgrunn. Dei siste fem åra før eg byrja her dreiv eg Converto, der vi tok føre oss rådgjeving, forvalting og hadde også mykje med finans og aktivt eigarskap å gjere. Før dette igjen var eg i Ekornes i fem og eit halvt år, seier Tørlen og legg til:

– Men, før det blei Sykkylven og møbelindustrien, var eg ein av fleire i eit redningsteam som gjekk inn i Panfish etter den store smellen der. I februar 2003 hadde bankane tatt over eigarskapen, og Panfish var dundrande konkurs. Då blei eg med i den redningsaksjonen, og attreisinga av selskapet, som etter kvart utvikla seg til ein vekst gjennom oppkjøp av Marine Harvest, Fjord Seafood og Aquafarm. Det viste seg at det var verdt å redde stumpane i den bransjen, og vi ser i dag at det har blitt til eit realt eventyr.

I dag følgjer han bransjen i all hovudsak frå utsida, men har framleis styreleiarvervet i selskapet Patogen i Ålesund, som jobbar med fiskehelse.

Ønskte seg tilbake til drift

Tørlen fortel at det har vore ein overgang frå å drive og eige sitt eige selskap til å bli konsernsjef i ei av dei store verksemdene på Søre Sunnmøre.

– Eg kjente på at eg ønskte å gå tilbake til dette med drift og operasjonelt ansvar, og ikkje bruke all tid i styrerom og overordna utfordringar. Eg hadde lyst til å gå tilbake til ei rolle der eg ville ha ansvaret for at ting blei gjort. Det søkte eg, og det har blitt som forventa.

Tørlen tok over reimane etter førre konsernsjef Jan Tore Leikanger, som ønskte seg ei anna rolle i konsernet.

Litt det same, men også annleis

Øyvind Tørlen har gjennom åra etablert eit stort kontaktnett innanfor den maritime næringa, der Jets også er inne med store delar av sin aktivitet. Men den nye sjefen får også bryne seg på marknader han ikkje er like godt kjent med.

– Jets er så mykje meir enn installasjonar av toalettsystem på skip. Vi er også inne i mange landbaserte segment, slik som hytter, tog, mobile løysingar, supermarknadar og større bygg. Dette var ukjent for meg 1. november, men no er eg langt betre kjend med det. Jets er eit veldig spanande selskap å vere ein del av, seier Tørlen.

– Må ta ut potensialet

Han meiner Jets sitt viktigaste mål for åra som kjem må vere å ta ut potensialet, nettopp innanfor marknadane selskapet har byrja å etablere seg i.

– Vi har så vidt byrja å skrape overflata. Innanfor den maritime bransjen har vi lang og tung erfaring. Men innanfor segment som supermarknadar og tog er vi som førstereisgutar- og jenter å rekne. Vi har mykje å lære, alle saman. Potensialet er så stort innanfor det vi jobbar med no, så vi skal vere forsiktige med å jakte på for mykje nytt utanom dette med det første, trur eg.

Større system: Øyvind Tørlen står her ved ei av dei større sanitærsystema Jets produserte i førre veke, som skal til eit større skip. Jets leverer sanitærsystem til kundar over heile verda. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll