– På grunn av hendinga vil det dessverre bli forseinkingar utover dagen, opplyste Avinor då luftrommet opna gradvis frå klokka 9.35.

Då hadde ein teknisk feil hos kontrollsentralen til selskapet på Røyken i Asker lamma flytrafikken i sør i fleire timar.

Sjølv om trafikken tok seg opp utover ettermiddagen, var resten av torsdagen prega av etterslep og kanselleringar. I 12-tida var 16 avgangar og 42 innkomstar innstilte ved Oslo lufthamn. I tillegg hadde ei rekke flygingar fått utsett avreisetida.

Også på fleire andre flyplassar i Sør-Noreg, mellom anna i Sandefjord, Molde, Ørsta-Volda, Ålesund, Bergen, Kristiansand og Stavanger, var trafikken prega av den tekniske feilen.

Til dei som skal ut og reise fredag, er beskjeden frå Avinor å sitje stille i båten. Flyselskapet gir beskjed dersom det blir endringar.

Fleire timar med stans

Ved Oslo lufthamn letta det siste flyet før nedstenginga klokka 6 torsdag morgon, ifølgje eit oversyn frå Avinor.

NTB snakka like etter klokka 6.30 med ein passasjer som skulle med eit fly frå Gardermoen til Zürich, men der piloten opplyste at flykontrollen var nede over heile Sør-Noreg, og at heile systemet var lamma.

Medan passasjerane venta på ny beskjed, vart det servert kaffi og mat i kabinen. Halvannan time etter den oppsette avgangen fekk passasjerane beskjed om at flyginga til Sveits var kansellert, og at dei måtte gå av flyet.

Norwegian opplyste samtidig til TV 2 at dei hadde fått beskjed om at luftrommet ville vere stengt fram til klokka 11.

Alle flygingar ramma

Torsdag formiddag kunne Norwegian stadfeste at alle flya deira til og frå Oslo lufthamn var ramma.

– Vi ventar at det blir forseinkingar utover dagen, og det kan bli kanselleringar, sa senior kommunikasjonsrådgivar Eline Hyggen Skari i Norwegian til NTB like etter klokka 10.

Flyselskapet jobba med å booke om passasjerar som fekk flyginga si kansellert som følgje av den tekniske feilen. Passasjerane kunne også be om refusjon dersom dei heller ønskte det.

– Vi jobbar på for at kundane skal komme seg av garde, sa Skari.

Forbrukarjurist Thomas Iversen seier til Aftenposten at passasjerar bør sjekke kva rettar dei har til erstatning på flyrettskalkulatoren til Forbrukarrådet.

– Hendingar som denne kan vere eit omstende som fritek flyselskapa frå å betale standardisert erstatning, men alle andre rettar gjeld som vanleg, seier Iversen til avisa.

Ikkje datainnbrot

Årsaka til at luftrommet måtte stenge, var ei tid ukjent, men Avinor kunne i løpet av torsdagen opplyse at det ikkje kom av datainnbrot.

– Det kan eg avkrefte at det er, sa pressevakt Helene Wattanapradit Jensen i Avinor til NRK.

Ho forklarte vidare at den tekniske feilen kom av to system som ikkje snakka saman som dei skulle.

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) opplyste tidlegare torsdag morgon til NTB at dei ikkje hadde fått nokon informasjon som knytte dei til det som skjedde over luftrommet i Sør-Noreg.

Redningsoppdrag gjekk som normalt

Redningshelikoptera fekk fly som normalt, opplyste redningsleiar Jan Erik Skorte i Hovudredningssentralen til NRK torsdag morgon.

– Er det snakk om liv eller død, flyg vi som normalt – heilt uavhengig av dette, sa redningsleiaren.

Heller ikkje Norsk Luftambulanse vart ramma av flystansen.

I etterkant av hendinga skal Luftfartstilsynet få ei forklaring frå Avinor. Tilsynet skal då vurdere tiltaka og rutinane som vart gjorde i samband med nedstenginga.

– Men det er for tidleg å spekulere i noko som helst frå vår side. Både når det gjeld årsaker og ei eventuell oppfølging frå oss, seier kommunikasjonsdirektør Håvard Vikheim i Luftfartstilsynet til NRK.

Han legg til at forklaringa frå Avinor skal komme ganske raskt etter hendinga.

(©NPK)