Fredag vedtok fylkesutvalet i Sogn og Fjordane formelt at Havilafjord får ta over resten av aksjane til fylkeskommunen i Fjord1.

I samband med Fjord1-salet i fjor, sikra Havilafjord og Per Sævik seg ein opsjon på å kjøpa dei 33 siste prosentane av aksjane som fylkeskommunen eig i selskapet. Når Fjord1 om kort tid skal på børs, vil Per Sævik nytta opsjonen sin og kjøpa desse aksjane, fortel NRK.

Møtet blei gjennomført på telefon og var ein rein formalitet, fortel kanalen.