Politidirektoratet sitt forslag er at Ålesund blir vurdert som best eigna administrasjonsstad i nye Møre og Romsdal politidistrikt.  Mykje  på grunn av innbyggartal.

Alternativ til administrasjonsstad i Møre og Romsdal politidistrikt er Ålesund og Kristiansund.

I fylgje høyringsnotatet som blei offentliggjort måndag av Politidirektoratet, blir Ålesund vurdert både som mest kostnadseffektiv og praktisk for plassering som politidistrikt. Dette gjeld både for tenestestader og administrasjonsstad i dag, og for administrasjonsstad som skal etablerast 1. januar 2016.

Sunnmøre regionråd fekk oppdragsbrev frå Justis- og beredskapsdepartementet i juni 2015. Styreleiar i Sunnmøre regionråd, Anders Riise, seier seg nøgd med høyringa som no er sendt ut.

−  Frå Ålesund når ein store delar av Møre og Romsdal på under ein og ein halv time, noko som er eit av kriteria for at Ålesund er foreslått som politidistrikt i fylket, forklarar Riise.

Geografi og befolkningsmønster i distriktet gir no lange reiseavstandar, sjølv om distriktet dekkjer eit forholdsvis avgrensa landområde.

Har lagt vekt på bemanningsbehovet

Viktige kriterier som befolkning, infrastruktur og lokalisering er grunnlag for forslaget. Men viktigast vart nok rekrutteringsbehovet.

−  Politidirektoratet har i si vurdering lagt stor vekt på omsynet til muligheita for å dekkje administrasjonsstad sitt bemanningsbehov, seier Riise.

−   Noko av rekrutteringsgrunnlaget er derfor foreslått ut i frå at det er flest innbyggarar i området, der det vil bli behov for å gjennomføre fleire kompenserande tiltak for å sikre polititenesten.

Forslaget er på høyring fram til 17. november.

POPULASJON I FYLKET

Ålesund politistasjon: ca. 46.000 innbyggarar

Molde politistasjon: ca. 25.000 innbyggarar i Molde kommune

Kristiansund politistasjon: ca. 25.000 innbyggarar i Kristiansund kommune

Volda og Ørsta lensmannskontor: ca. 21.000 innbyggarar