Kari Pape er utdanna førskulelærar og har hovudfag i barnehagepedagogikk. Ho har gitt ut åtte bøker innan temaet barnehage og skule, og er ein kjend føredragshaldar. Måndag gjesta ho Sjøborg Kulturhus med føredraget sitt «Jakten på den gode barndom». I føredraget snakka Pape om vaksenrolla knytt til det miljøet der ein skal skape plass til alle.

Fokus på den gode leiken

Pape er ein forkjempar for at det skal vere mykje leik i barnehagane, i samspel mellom dei vaksne og borna.

– God leik kjem ikkje av seg sjølv, det må planleggjast. Dei vaksne må setje seg ned og snakke om korleis det fungerer i deira barnehage, korleis ein skal få alle born og vaksne til å ta del. Leiken skal vere hovudfokuset, ikkje ABC og 1-2-3, seier Pape og legg til:

– Alt det borna treng å lære gjennom tida si i barnehagen kjem gjennom leiken. Gitt at det er gode forhold for leik. Diverre er det framleis for mange barnehagar der ein tenkjer heilt feil, ein tenkjer at leiken ordnar borna sjølv, og det andre ordnar dei vaksne.

Redde for å ta tak

Det som er ein stor utfordring i barnehagen er at ein er veldig forsiktige med å ta tak i vaksne som gjer ting som bringar ein i heilt feil retning, meiner Pape.

– Vi er veldig redde for å prikke kvarandre på skuldra og seie til kvarandre at det du sa eller gjorde no, det var ikkje greitt. Ein må skape tilbakemeldingskulturar der alle veit kven ein er der for. Dei vaksne er der for borna, ikkje berre for at ein skal ha det hyggeleg saman.

Pape gav eksempel frå den første barnehagen ho jobba i.

– I den barnehagen handla det mest om at vi vaksne skulle ha det kjekt saman, når det var borna som skulle vere i fokus. Opplevinga av den gode barndommen får ein ikkje tatt igjen seinare. Om du får ei grunnleggjande oppleving av at ingen vil vere saman med deg når du kjem inn i skulen, er det noko veldig gale som har skjedd. Det er store variasjonar mellom barnehagane i Norge, og kor flinke ein er, meiner Pape.

– Dei barnehagane som tør å stille spørsmål ved eigen praksis, dei er veldig ofte gode barnehagar. Det er framleis for mange barnehagar som er for dårlege på dette, og det vil eg bidra til å rette på, seier Pape til slutt.

<strong>Følgde godt med:</strong> Pape har ein veldig engasjerande forteljarstil, og fortalde livleg om sine eigne erfaringar som tilsett og leiar i barnehagen.