Fiskeredskapsbedriftene i Møre og Romsdal garanterer læreplassar.

Fiskeredskapsfaget er eit handverksfag med stor grad av nøyaktigheit og presisjon. I det største sjømatfylket i Noreg, med særs stor aktivitet innan fiskeri og oppdrett, er det sjølvsagt at det også er flest bedrifter innan fiskeredskapsfaget, skriv Marint Kompetansesenter i ei pressemelding. Bedriftene som utviklar, produserer, monterer og utfører vedlikehald på ulike fiskeredskap og oppdrettsposar er representert frå nord til sør i fylket.

Marint Kompetansesenter har vald ut fiskeredskap som eit av fleire viktige fagområde som treng ekstra fokus. Aktørane i næringa har møttest gjennom eit prosjekt for å skape varige samarbeidsarenaer og på sikt fleire fagarbeidarar.

Har læreplassar, vil tilby kurs

No går bedriftene saman om å stille læreplassar for interessert ungdom. Dei tre største bedriftene; Mørenot, Selstad og Egersund Herøy, vil i tett samarbeid med vidaregåande skular gje elevar tilbod om å få prøve seg ein periode ute i bedriftene. Bedriftene vil leggje til rette for å ta inn fleire lærlingar i åra framover. Dei som gjer eit godt inntrykk gjennom utplassering kan vere aktuelle for læreplass.

Bedriftene har eit klart mål om at dei fleste tilsette etter kvart skal ha fag -og eller høgare kompetanse. Faget inneheld mykje utrekningar, berekningar, presisjon og nøyaktigheit. Manglande kompetanse kan få store konsekvensar for fiskeredskap og bedrift.

Bedriftene ønskjer såleis samarbeide om å få sett i gang eit kurs for tilsette med lang praksis, som ønskjer å ta fagbrev i fiskeredskapsfaget. Oppstart vil truleg bli rundt nyttår, då med eksamen i juni eller desember 2016.

Trygge og spennande arbeidsplassar

Marint Kompetansesenter meiner at med dei utsiktene som er rundt marin næring er det liten tvil om at dette vil vere trygge og spennande læreplassar. Kompetanse må liggje i botnen, så må ein vere best, omstillingsdyktig og framtidsfokusert.