Sunnmørsposten skriv at Herøy formannskap førstkomande tysdag skal vurdere om dei skal inndra skjenkeløyvet til Thon Hotel Fosnavåg. Administrasjonen rår dei til å inndra skjenkeløyvet i fire veker.

Bakgrunnen for saka er at nokre skjenkekontrollørar skal ha avdekt fleire brot på skjenkelova under Fosnavåg Rock i juni, der det var hotellet som stod for skjenkinga. Hotelldirektør Gunther Dahler seier til Sunnmørsposten at han kjenner det nesten som nokon har ein agenda mot dei.

Hotellet meiner dei har tilbakevist dei fleste observasjonane kontrollørane har gjort.