For eit og eit halvt år sidan starta Eli Skaatun opp eit prosjekt i Nepal. Ho samla inn pengar, så dei kan drive ein avlastingsheim for utviklingshemma. Slik får foreldra avlasting, og borna får nye impulsar. Avlastingsheimen er i stor grad finansiert gjennom gjevarglede frå privatpersonar, organisasjonar og bedrifter i Ulstein og Hareid.

Måndagskvelden var det Nepal-kveld på Ulstein rådhus der gjevarane og andre interesserte fekk høyre om korleis prosjektet går, og tankar om tida framover.

Blir ikkje sett

Ifølgje hinduismen har menneska gjort noko gale i eit tidlegare liv om dei blir fødde med funksjonshemming. Mødrene må greie å ta seg av borna sine sjølv. Det kan vere vanskeleg å greie jobb (for å få inntekter) samstundes som dei skal passe funksjonshemma born. Dei utviklingshemma borna blir neglisjerte av andre familiemedlemer og får ikkje vere med i familieselskap.

Det er vanskeleg å få noko hjelp frå staten, og mødrene uroar seg for kva som skal skje med barnet deira når dei sjølve fell ifrå.

Gje hjelp i heimen

Pramila som administrerer avlastingsheimen, og Shila som både er fagperson, fysioterapeut, og som eig huset, var svært takksam for arbeidet Skaatun har starta opp. Men i staden for å drifte eit heilt hus, meiner dei det er betre å gje avlastingshjelp direkte inn i heimane til folk.

Dessutan fortalde Shila om korleis det var å ta imot utviklingshemma og ikkje alltid kjenne seg trygge på at foreldra dukka opp og henta borna sine igjen.

– Eg jobbar for å få dei til å ta ansvar for eigne born, sa ho.

I Nepal er det lite kunnskap om utviklingshemma. Ved å tilsetje folk som kan besøke folk i heimane sine kan fleire få hjelp, samstundes som mødrene får meir kunnskap, som dei igjen kan dele med andre familiemedlemer. Det er også kjekt for mødrene å sjå at nokon viser interesse for borna deira, noko som også kan gje status i familien og nabolag.

– Eg ser ikkje på det som eit nederlag jamfør avlastingsheimen eg starta opp. Det er viktig å evaluere utviklingsarbeid. Og det har heile vegen vore viktig for meg at tilbodet skulle følgje deira kultur og lovverk, kommenterer Skaatun.

Og Leeza som bur i heimen skal framleis ha eit tilbod. Vidare skal tilbodet spesielt vere til dei som ikkje kan kjøpe seg hjelp på annan måte. Dei vil bruke dei neste tre månadene til å planlegge det nye avlastingstilbodet og vise oss ein plan for det.

Og forsamlinga som møtte på rådhuset måndagskvelden var positive til å vere med vidare.

Godt motteke

Eli Skaatun er gledeleg overraska over det gode oppmøtet måndagskvelden. – Eg har god tru på vidare engasjement.

Skaatun har teke med dei nepalske kvinnene og Liv Meisingseth (frå NTNU) rundt fleire stader. Dei har blitt godt motteke både i omsorgsetaten i Ulstein som fortalde om ulike avlastingar, Sanzibar på Hareid som viste produkta sine, Dagsenteret og Kompetansesenteret i Ulsteinvik og Herøy produksjon. Det vart også tid til lønsj på Mjøl og Meir og dans på Reiten.