Hareid IL si  trimgruppe berre aukar og aukar oppslutninga om fjellorienteringa si. I år vart det atter ny rekord – og for første gong vart det selt over 500 kartmapper.

Det enda på 530, som er nesten 50 fleire enn i fjor, som også var eit rekordår.

Fjellorienteringa vart halden for 26. gong i år – og arrangøren la like godt på med 1 post meir enn i dei 25 tidlegare åra. Målet er auke med 1 post per sesong fram til 30 postar. Men då er grensa nådd.

Fjellorienteringa har premieutdelingsseremoni på Hareid klubbhus torsdag 19. november. Då blir det både utdeling av A- og B-krystallar til alle som har levert inn utfylte kart. I tillegg blir det utdeling av 5-, 10-, 15-, 20- og 25-årspokalar. I fjor fekk Jan Bigset, som den første, pokal for 25 års deltaking. I år er det Odd Elvanes som når denne milepælen.

60 prosent leverte inn

Av dei 530 selde kartmappene er det levert inn 312 utfylte kart. Det vil seie at om lag 60 prosent av dei som kjøpte kart leverte dei i utfylt stand. Av desse gir 248 A-premiar (19 og fleire postar) medan 64 kart gir B-premie (12-18 postar). Det har vore ein særleg stor auke i B-premiar frå i fjor, om lag ei dobling. Totalt sett vart det levert inn 47 fleire utfylte kart i år enn ifjor.

Mange trudde at den sure forsommaren kom til å legge ein dempar på  kjøpelysta, men slik gjekk det ikkje. Og med den flotte hausten vi har hatt, var det ekstra mange som tok seg turar og fann fram til postane.