Opninga starta stilfullt nede ved sjøkanten, der Ulstein Fjernvarme har inntaket sitt av vatn. Brigitta Hauge song "Mellom bakkar og berg" medan Stine Karoline Eliassen dansa til. Seansen vart avslutta ved at dansaren fiska opp ei bøtte med vatn som ho gav til ordførar Knut Erik Engh. Han helte vatnet symbolskt gjennom eit røyr som Erik Andreassen, styreleiar i Ulstein Fjernvarme, heldt. Og med det kom det på varme, og det vart utløyst eit flott fyrverkeri.

Deretter heldt festen fram inne i eit rom på Quality Hotel Ulstein. Ordføraren hadde på seg ordførarkjedet sitt og var i festhumør. I talen sin var han innom den lange og trange historia fjernvarmeanlegget og -selskapet hadde, men i dag er han glad for at det omsider er på plass. På vegner av Ulstein kommune sa han seg veldig nøgd med å anlegget no er i drift. Kommunen har gjennomført store investeringar i dette, men han er sikker på at det vil tene miljøet og aksjonærane.

Førebels er Ulstein kommune einaste aksjonær i Ulstein Fjernvarme, men han er open for at dei kan få fleire inn på eigarsida.