- Belegget ved hotellet har gått så kraftig ned den siste tida, at vi kunne ikkje ha drive Melshorn Hotell så mykje lenger, forklarer hotelldirektør og eigar Linda Haddal Røssevoll.

Nedgangstider i industrien, og at fleire av selskapa som har hatt folk buande ved hotellet, no har leigt seg rimelegare husvære, er årsaka til at belegget har blitt dårlegare.

Dei tilsette vart orienterte torsdag ettermiddag

I dag klokka 17.00 orienterte ho dei tilsette ved hotellet om planane.

Kva tid dei første asylsøkjarane kjem til Hareid veit ho ikkje enno.

- Eg må få litt tid til å omrømme meg. Det må blant anna tilsetjast meir folk her, forklarer ho.

Melshorn Hotell heitte tidlegare Hareid Hotel, og i 1987 vart hotellet for nokre år gjort om til asylmottak. Haddal Røssevoll jobba ved hotellet i 1987, då dei 59 første tamilane kom til asylmottaket på Hareid, så heilt utan erfaring frå slikt arbeid er ho ikkje.

Ikkje kommunane som avgjer

Ordførar Anders Riise (H) orienterte i kveld kommunestyremedlemene om akuttmottaket som skal etablerast på Hareid.

Det er ikkje kommunane som har avgjerda i slike saker, og det er hotelleigaren og UDI som har hatt kontakt med kvarandre. Først i dag, torsdag, vart ordføraren orientert av UDI.

Dette er ei sak med fleire sider. Eg synest det er trist at Hareid misser den einaste store overnattingsplassen som er i kommunen. Men eg forstår også eigaren av hotellet Når overnattingane går kraftig ned, har eg forståing for at dei må tenke bedriftsøkonomisk, kommenterer Riise.

Opp til 100 personar

Ordføraren er spent på kor mykje press akuttmottaket kjem til å legge på det øvrige tenestetilbodet i kommunen. Spesielt innan helsesektoren.

Det pågår no ein nasjonal dugnad, og eg håper UDI og regjeringa har kontroll på innvandringa.

Riise kjenner ikkje i detalj innhaldet i avtalen mellom Melshorn Hotell og UDI, men slik han har forstått det er det snakk om ein kortvarig avtale. To pluss to månader med høve til opsjon på to ekstra månader. Til saman altså ei lengd på toppen seks månader.

Så akuttmottaket har ein mykje kortare tidshorisont enn den som er inngått med Myrtunet. Der er lengda på tre år, fortel Riise.

Slik han har forstått det, er det snakk om at opp til 100 personar kan få plass ved akuttmottaket.

Som lokalsamfunn har vi eit ansvar for å ta mot dei på ein god måte, legg ordføraren i Hareid til.