Ungdomsskuleelevane i Ulstein kommune har nyleg gjennomført ein ny runde med Ung Data-undersøking. Elevane ved Ulstein vgs. skal gjennomføre undersøkinga på nyåret.

Dei fire tiandeklassingane Vikebladet Vestposten møter synest det er bra at kommunen nyttar ressursar på ei slik undersøking. – Eg synest det er heilt flott. Då kan dei vite meir om korleis me har det og passe betre på oss, seier Lucas. Emilie legg til at då kan ungdom tore å seie meininga si, om dei elles ikkje tør.

Bra å bu i Ulstein

– Korleis synest de det er å vere ung i Ulstein?

– Det er heilt okei, svarer Lucas. Emilie synest det er veldig bra å vere ung i Ulstein. Henriette legg til at det er vanskeleg for tiandeklassingane å få seg helgejobbar. Det har dei lyst på, slik at dei kan få eigne pengar. Lucas er heldig og har ein vaske- og vedlikehaldsjobb som han tener greitt på. Henriette skulle også ønskt seg andre butikkar i Ulsteinvik. Alle fire synest det er kjempekjekt at det har kome thai-butikk i Ulsteinvik. Dei er også glad for at kinoen har kome. Før Sjøborg kom brukte Lucas å fare til Ålesund for å gå på kino. Ungdomane set også pris på skateparken og Saunesparken. Sander, som bur i Haddal, har ikkje same tilgangen på desse aktivitetane i Ulsteinvik.

– Er det noko du saknar i Haddal?

– Ein butikk, svarer han. Alle fire likar å trene på fritida, i ei eller anna form.

Namnet må ikkje bli Hareid

Ungdomane er usikre på kva dei vil studere og jobbe med. Difor vel ein del studiespesialisering, for å halde moglegheitene opne.

Dei veit heller ikkje om dei vil bu her i framtida. Henriette ser føre seg at ho vil studere i ein by som Oslo eller Trondheim, og flytte heim igjen når ho får ungar, sånn at ho får bu i nærleiken av familien sin. Lucas kan godt tenkje seg å bu her om Ulsteinvik blir større, som til dømes slår seg i hop med Hareid.

– Men det er ikkje snakk om at kommunen då skal heite Hareid, slår han fast. Sander ser ikkje poenget med at kommunane skal slå seg saman. Her er bra som det er.

– Er kommunesamanslåing eit tema de diskuterer?

– Nei, det er det ikkje. Kvifor skulle me det, spør ungdomane tilbake.

Uroa for kommunegjelda

Ungdomane ser fram til at Arena Ulstein kjem, men legg til at dei er uroa for gjelda til kommunen. Dei likar dårleg at kommunen har så høg gjeld.

Lucas meiner det er på grunn av den høge gjelda til Ulstein kommune at Hareid kommune ikkje vil slå seg saman med dei.

Ikkje sett noko narkotika

I Ung data-undersøkinga får ungdomane mellom anna spørsmål om rus.

– Eg har aldri sett nokon påverka av narkotika, slår Emilie fast. Ingen av dei fire tiandeklassingane har blitt tilbydd narkotika. Dei har heller ikkje inntrykk av at narkotika er eit problem i Ulstein, sidan dei aldri har sett det.

Litt om flyktningstraumen

På tampen av intervjuet vil ungdomane gjerne snakke litt om flyktningar. Jentene meiner det har kome for mange til Ulsteinvik, dei kjenner seg utrygge på kveldstid. Lucas derimot meiner Noreg er eit stort land som godt kan hjelpe fleire.