– Dette er andre gongen vi deler ut arbeidsmiljøprisen i kommunestyret. Det er ein god tradisjon og ein god måte å markere den innsatsen mange av dei tilsette gjer i Hareid kommune. Mange av dei tilsette gjer ein fantastisk jobb, og det skulle berre mangle at dei får ei påskjønning for sine bidrag, seier ordførar Anders Riise (H).

Delt mellom to

Under kommunestyremøtet i Hareid torsdag delte kommunen ut årets arbeidsmiljøpris.

Leiaren i arbeidsmiljøutvalet, Perdis Holstad, var den som kunngjorde mottakarane av arbeidsmiljøprisen 2015.

– Det kom inn fire gode forslag til arbeidsmiljøprisen. Vi er ei kommune med mange arbeidstakarar, så det kunne godt ha vore endå fleire, men forslaga var godt grunngitt og gode kandidatar. Ho fortel at ein valte å dele prisen i to, på same måte som i 2014.

– Det gjorde vi fordi vi synest det var to likeverdige prisvinnarar. Den eine er Helse- og koordinerande eining, ved sektor for velferd. Den andre er trivselsgruppa på rådhuset, sa Holstad.

– Totalt sett er trivselsfremjande tiltak med minimal bruk av kostnadar noko som gir det vesle ekstra i arbeidskvardagen, sa Holstad før ho gjekk vidare til neste mottakar.

– For Helse og koordinerande eining sin del er grunngjevinga at dei satsar på trivselstiltak i fellesskap. Dei organiserer trimturar og har vore på klatreturar i lag for å skape samhald. Eininga har fleire ressurspersonar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet, både for personalet og for trivselen for bebuarane på sjukeheimen.

Holstad trekte fram Kari Anne Eidsvik som ei av dei som spreier glede og god stemning, mellom anna gjennom kreative utstillingar og sansekrå. Torill Eidsvik Nygård valte å takke for arbeidsmiljøprisen til trivselsgruppa på rim.

– Det er fleire som her på huset som dreg lasset, ja enkelte gjer litt og andre masse. Det er alt etter kven som har energi og tid, til å gjere seg ordentleg flid, byrja Nygård.