I samband med godkjenning av reglane for tilsyn og kontroll av avgiftsparkeringa i Hareid presiserer Vegdirektoratet at ein avtale om hjelp til handheving av avgiftsparkeringa frå Ålesund Parkering AS, slik det er skissert, berre må omfatte midlertidig tilsette.

Det blir også presisert at kommunen skal vere klageinstans ved klager på ilagde bøter, og at det skal vere ei klagehandsaming der personale som ikkje har vore involvert i sjølve bøtlegginga, er med - og at eit vedtak skal vere skriftleg grunngjeve.