Fylkesmannen meiner det er øydeleggande for den demokratiske prosessen.

Plansjef for plansamordning Jon Ivar Eikeland ordlegg seg slik i ein e-post til kommunen:

«Ettersom det no er starta reguleringsarbeid, er det uheldig at slikt løyve er gitt. Det vil vere øydeleggande for den demokratiske prosessen som er knytt til reguleringa. Sjølv om det er i tråd med kommuneplanen, kan det vere nye opplysningar etter at kommuneplanen vart vedteken som er relevante

for reguleringsplanarbeidet.»

Eikeland skriv også at Fylkesmannen i si tid ikkje hadde merknader til varsel om oppstart av reuleringsplanarbeidet fordi stranda var vist som industriområde i kommuneplanen.

- Litt rart

Han peiker også på at sandstranda er den siste resten av sandstrendene som låg nær Hareid sentrum. Alle andre er no nedbygde, kommenterer han i det han reknar med at sandstranda lenger sør på Raffelneset også no er utfylt.

«Ut frå dette er det litt rart at ein ikkje har sett verdien av ei slik strand nær sentrum for spesielt foreldre med mindre barn», skriv Eikeland og stiller også spørsmål ved at eit kloakkreinseanlegg må ligge akkurat der.

Eikeland minner også om at eit byggeløyve ikkje kan gjevast utan godkjend dispensasjon frå reguleringsplanen. Slike søknader skal sendast på høyring til m.a. Fylkesmannen.

- Politikarane skifta meining i 2012

I svaret frå kommunen ved Kai-Rune Bjørke heiter det at kommuneplanen for området legg til rette for industri og at planinitiativet såleis samsvarar med dette. Av historikken går det elles fram at kommuneplanen av 2007 la til rette for at stranda skulle vere friområde, medan dei folkevalde hadde ei anna meining i 2012. Bjørke skriv også at kloakkreinseanlegget må ligge i dette området på grunn av eksisterande infrastruktur. Dermed blir det ikkje noko att av stranda. Bjørke poengterer også at det ikkje er lagt ned bygge- og deleforbod i området.