Mange faklar og hjarte brann for at lokalsjukehuset i Volda skal få behalde akuttkirurgisk beredskap. Om helseminister Bent Høie og for sin Nasjonale helseplan må akutte kirurgiske pasientar sendast til Ålesund.

Tysdagskvelden var det fakkeltog i rundt sjukehuset, der mellom andre politikarane Kjersti Toppe og Per Olav Lundteigen deltok. Der var fleire som heldt apell.

Der verserer litt ulike tal på kor mange som deltok i aksjonen. Der var eit folkehav, men kor mange sjeler som var med er litt vanskeleg å vite. Møre-Nytt med fleire skriv at der var rundt 10 000, medan smp.no trur det var nærare 6000. Eit dårlegare tilbod ved Volda sjukehus råkar ikkje berre innbyggjarane i Volda, så mange innbyggjarar frå andre kommunar hadde også teke turen til Volda i kveld for å vise motstanden sin.