Det er  kome inn forslag på 6 kandidatar til frivilligprisen i Ulstein.

Anne Lise Ulstein:  Ho er formann i forsamlingshuset Ljosheim, og  på Ljosheim er der ballegove, rømmegraut salg og basarar fleire gongar for året. Huset er blitt heldt vedlike av midlar som kjem inn. Anne Lise er engasjert i Israel misjonen, og har vore med  i Ulstein musikklag, besøksvenn og nestleiar i stiftelsen Brevet, eit kristent blad som kjem ut ein gong pr. månad.

Iselin Eliassen Aske:  Ho er nominert for sitt engasjement i «Møte med det ukjente» Ho har i haust vore på 2 turar til den greske øya Lesvos for å hjelpe flykningar som kjem i land der. Ho har samla inn klede, pengar etc som ho har tatt med seg nedover og delt ut, til flykningane.

Blåsarane:  Kjerneverksemda til Blåsarane er å vere  supporterklubben til Hødd, men det er mykje meir. Eit godt miljø treng sameinande faktor, i dette tilfelle Hødd. Blåsarane er inkluderande til alle og skaper eit godt miljø for alle. Gjennom turar, arrangement, fotballtreningar og allsong skapar dette  hovudgrunnlaget for det sosiale nettverket for mange i Ulstein.

Jarl Martin Møller: Formann i Hødd handball, han er nominert for sitt arbeid i Hødd handball gjennom mange år.

Ann Helen Havåg: Ho er ei av eldsjelene ved Eiksund Forsamlinghus Velforeining gjennom snart 30 år. Ho blir rekna som «fast inventar i huset» Er det ballgove, nedvask eller annan aktivitet på huset er Ann helen der. Ho  har lagt ned ein stor innsats for fellesskapet i Eiksund.

Lindor Skeide: Han har vore aktiv i trimgruppa i I.L. Hødd gjennom fleire 10 år, og har i desse åra vore drivkrafta bak både Hødd marsjen og Hødd fjelltrimmen, med bøler på dei fleste fjelltoppar i Ulstein. Han legger ut bøkene i byrjinga av mai og hentar dei i natt. Lindor er initiativtakar og pådrivar til utbygging av t.d. den nye turvegen som er under bygging mellom Bugarden og Skeide.

Alle innbyggjarar i Ulstein kommune kan stemme på kandidatar ved å sende ein e-post til : inger.dimmen@ulstein.kommune.no eller SMS på telefon nr: 98 23 06 13, fram til og med den 6. desember 2015.