Nøyaktig kva som har skjedd veit vi ikkje, men vitne som har kontakta vikebladet.no fortel at ferja hadde stor fart då ho brasa inn i ferjeleiet på Hareid.

Ved Hareid ferjekai er der to ferjeleie, men det andre er under reparasjon. Arbeidsfolk og gravemaskin som jobba med repareringa, måtte rykke ut til  ferjeleiet som er i bruk, for å få det i posisjon, slik at bilane om bord kunne kome seg  på land, og nye bilar bli laste om bord.

Dette har dei lykkast med, for klokka 14.20, 20 minutt forseinka, gjekk Ullensvang frå kai på Hareid, i retning Sulesund, med bilar om bord.

- Kva slags ankomstprosedyrer er det for Ullensvang? spør tipsaren vår.

Også måndag 26. oktober rende Ullensvang seg inn i ferjekaia på Hareid, og ho har også brasa inn i ferjeleiet på Sulesund.