Rådmannen rår ulsteinpolitikarane til å ta imot og busetje flyktningar i tråd med førespurnaden frå IMDI for perioden 2017-2019, totalt 77 personar i perioden. Administrasjonen skal få fullmakt til å disponere plassane for kvart år i samråd med IMDI. Innanfor vedtaksramma kan Ulstein kommune årleg busetje 4–5 einslege mindreårige frå og med 2016. Familiesameining kjem i tillegg.

Saka går innom levekårsutvalet og formannskapet før ho blir avgjort i kommunestyret 17. 12. 15.

130 personar siste fem åra

I Ulstein kommune bur det i dag om lag 130 personar som har kome til kommunen som flyktning dei siste fem åra, kjem det fram i papira til levekårsutvalet.

Kommunen har over tid busett fleire flyktningar enn det IMDI har bede om. Rådmannen meiner at dei generelt har funne seg godt til rette og at integrering har fungert på ein tilfredsstillande måte.

Men etter dei har gjennomført introduksjonskurset er det berre 53 % som er i arbeid eller studie, nett som landsgjennomsnittet.