Vikebladet Vestposten har fått tips om at Gjerdselva har gått over breiddene sine. Fleire hus skal ha fått kjellarar fulle i vatn. Hareid brannvesen er ute no for å pumpe vatn ut av kjellarar. Ein befal i Hareid melder at omlag seks hus har fått vatn i kjellaren sin. Årsaken er truleg at vatnet har gått over Gjerdselva.

NRK Møre og Romsdal skriv at det i kveld er femten mann, gravemaskin, lastebil og brannbil i sving i Hareid for å hindre at vatnet gjer store skadar. Paul Ove Vestre frå 110-sentralen melder til NRK Møre og Romsdal at dei sender mannskap frå Sula og Ålesund for å hjelpe til i Hareid.

Jordras i Brandalsstranda

I Brandalsstranda gjekk det tidlegare i kveld eit jordras. Det kom ein del jord uti vegen. Teknisk etat rykte ut for å rydde opp. Også hit kom brannvesenet for å hjelpe til. Vegen skal no vere rydda. Sunnmøre politidistrikt melder at ingen personar kom det skade.

Fredag ettermiddag gjekk det også eit jordras ved Gjøneset (mellom Gjerdsvika og Haugsbygda). Heller ikkje her kom nokon til skade. Også her måtte vegen ryddast.

Det kan vere lurt å vere litt observant om du er ute og køyrer i kveld. Det kan fort gå ras også andre stader.

Mykje vatn heile helga

Yr.no melder om mykje nedbør heile helga. Det er venta lokalt 25-45 mm i løpet av 12 timar. Laurdag ettermiddag og natt til sundag er det risiko for høg vasstand. Laurdag ettermiddag estimert til 35-50 cm over høgda oppgitt i tidevannstabellane, natt til sundag estimert til 45-60 cm over høgda oppgjeve i tidevassstabellane.

Samstundes melder dei om flaum, gult nivå, for Vestlandet.

Yr.no melder regn fram til laurdag neste helg, men ikkje like mykje som det er no.

110-sentralen ber folk kjekke kjellarane sine for vatn.

Har du bilete frå flaumen i Hareid kan du sende det til redaksjon@vikebladet.no.