I ein sving på veg til Brandal frå Hareid gjekk det i ettermiddag/kveld eit lite ras. Det skal ha hamna ein del jord uti vegen.

Teknisk etat rykte ut for å rydde opp. Bilistar gjer lurt i å vere litt observante i tilfelle det ligg restar igjen.

Det bles godt ute, og i Ørsta har det siste døgnet gått fleire ras, så ein bør vere observant når ein ferdast ute. Det kan fort gå nye ras.