Berre ein røysta imot tilrådinga til rådmannen i Hareid om å seie nei til søknaden frå Weekend Pub AS om å få skjenke sprit i klasse 22 til 60 prosent alle dagar.

- Betydeleg etterspørsel etter brennevin

- Det har etter kvart vist seg at det er betydeleg etterspørsel etter brennevin frå publikum mellom klokka 24.00 og fram til stengetid. Mange går ut så seint at dei ikkje kjem før brennevinssalet stengjer klokka 24.00. Utvida skjenketid for brennevin vil bidra til at vi kan gi publikum eit betre tilbod framover, heiter det i søknaden frå Weekend Pub, som er underteikna Balasingam Myklvakanam.

Kommunen vil avgrense

Men rådmannen vil ikkje tilrå ei slik utviding. Han viser til at skjenketid er eitt av dei verktya kommunen kan nytte som verkemiddel for edruskapspolitikken i Hareid. Kommunen ønskjer å føre ein stram politikk for å avgrense tilgangen på alkohol om kvelden og natta.

Ruspolitisk handlingsplan skal til evaluering i vinter og skal vere klar til Hareid kommune skal starte arbeidet med fornying av sal- og skjenkeløyve i kommunen. Då vil det vere høve til å gjere ei felles vurdering for alle skjenkestader under eitt etter den nye planen, skriv rådmannen.

Akuttmottak i same bygning

Weekend Pub held til i kjellaren på Melshorn Hotell, der det no skal bli akuttmottak for inntil 100 flyktningar.  Puben har vanlegvis ope berre fredagar og laurdagar, men har høve til å ha ope også andre dagar.

Saka skal vidare til Hareid formannskap 30. november og til kommunestyret 17. desember.