Haug synest det er merkeleg at Ulstein kyrkjelege fellesråd ikkje har vurdert å føre opp den nye kyrkja på Osneset. Han tenker spesielt på eigedomen der Jørga Osnes budde den siste tida ho levde.

– Tomta ligg på eit lite berg, og ved å rive løa vil der bli god plass rundt. Det kunne ha blitt eit verkeleg signalbygg, seier Bjørn Magne Haug.

Han meiner det er eit godt argument at gravstaden også ligg på Osneset. Å ha kyrkje i same området som gravstaden synest han er naturleg.

– I Ulsteinvik sentrum er det lite parkeringsplassar, og eg har vore i fleire gravferder der det både har vore eit problem å finne ein stad å parkere bil, og der bilar kjem susande forbi i det gravfølgjet kjem ut frå kyrkja.

Haug synest ikkje det ville vere usentralt å plassere kyrkja på Osneset.

Frå gammal tid har kyrkjene i vår region lege ved sjøen. Det gjorde blant anna den gamle kyrkja på Ulstein, og det gjorde også dagens kyrkje då ho vart ført opp i Ulsteinvik sentrum. Den gongen gjekk sjøen heilt opp til der Ulstein rådhus står i dag.

– Slagordet til Ulstein kommune er «Der baug bryt båre». Då bør ikkje kommunen plassere eit nytt og påkosta kyrkjebygg inn i ein bakhage, kommenterer Haug.

Han reknar også med at det kjem til å bli fjerna ein del graver når det nye kyrkja skal plasserast på den smale tomta i sentrum, og ved å bygge på Osneset, slepp ein unna dette.

– Eit signalbygg på Osneset, med kyrkjegarden og historiske Oshaugen i nærleiken ville skape ein flott kyrkjestad, meiner Bjørn Magne Haug.

– For seint

Kyrkjeverje Anders Myrene kommenterer at det nok er forseint å vurdere Osnes som kyrkjestad. Kommunestyret har gjort vedtak om at kyrkja skal ligge ved den gamle, og dei fire arkitektane har frist til 15. april neste år med å sende inn forslaga sine. Myrene fortel at tomta som Haug foreslår på Osnes ikkje har vore vurdert.

Slagordet til Ulstein er «Der baug bryt båre». Då bør ikkje ei ny kyrkje plasserast i ein bakhage

Bjørn Magne Haug