Minst 44 prosent av bustadbrannane i Møre og Romsdal kjem frå feil i el-anlegg eller feil bruk av elektrisk utstyr. Det viser nye tal frå DSB for den siste tiårsperioden.

Dei tre største brannårsakene i Møre og Romsdal i perioden 2005-2014 er feil i el-anlegg med 21 prosent, feil bruk av elektrisk utstyr med 21 prosent og open eld med 19 prosent. I 22 prosent av brannane er årsaka ukjend.

Desember er den mest brannfarlege månaden i året, og særleg perioden mellom jul og nyttår. Difor arrangerast brannvernkampanjen Aksjon bustadbrann i desember.

Til no i år har to personar omkome i brann i Møre og Romsdal.

- Det er i stor grad personar som høyrer til risikoutsette grupper som omkjem i brann. Særleg gjeld dette eldre menneske, og alle er ikkje i stand til å ta vare på eigen branntryggleik. Sjekk difor om dine nærmaste har røykvarslar som fungerer, og om dei har behov for ein komfyrvakt, seier branningeniør William Bernt Ekeli.

Komfyren er den største enkeltårsaka til brann i Noreg.

- Så godt som alle komfyrbrannar kjem frå menneskelege feil, og ikkje tekniske feil ved produktet. Ved å installere komfyrvakt, kan du hindre at komfyrbrannar oppstår. Alle bør installere komfyrvakt, seier Ekeli.

Cirka 40 000 husstandar over heile landet får 1. – 3. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og elektrisitetstilsyn, med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden.

- Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken, med rettleiing og informasjon. For bebuarane er sjekken frivillig, og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier Ekeli som kan kontaktast via e-post av dei som måtte ønske besøk. Følg også Aksjon bustadbrann på Facebook.

DSB, Norsk brannvernforening og Gjensidige står bak Aksjon bustadbrann, medan representantar frå brann-/feiarvesen, det lokale elektrisitetstilsynet og lokale Gjensidige-kontor står for den lokale gjennomføringa. Aksjonen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing fram til 2020 på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper.

Lokalt er det Ulstein brannvesen og Elsikkerhet Møre som står for gjennomføringa av kampanjen.