I november 2013 inngjekk Havyard kontrakt på levering av design og bygging av det første av tre Havyard 843 ICE isbrytande offshorefartøy til det russiske reiarlaget. Laurdag vart det første skipet døypt og feira i Bergen.

Dåp og feiring

Omtrent femti gjestar hadde tatt turen frå Russland. Gudmor var Nadezhda Lyshko, som er gift med Ivan Lyshko i reiarlaget FEMCO. Gudmora greidde å knuse champagneflasken på første forsøk. Kapteinen og gudmora førte an når alle dåpsgjestane vart invitert om bord for å sjå det flotte nybygget. Noko av det som imponerte gjestane var avisingsanlegget der mellom anna alt utvendig rekkverk var oppvarma. Etter å ha stått ute i det kalde bergensveret under dåpsseremonien var det mange som nytta høvet til å varme hendene på rekkverket.

Velsigna båten

Om bord i båten var det ein prest frå den russisk-ortodokse kyrkja som velsigna skipet og mannskapet med preike, vievann og relikvier.

Om kvelden samla alle gjestane seg til festmiddag på Scandic Neptun Hotell.

Avansert kraftplugg

Bygg 122 «Aleut», som er eit Havyard 843 ICE design, er ein skikkeleg kraftplugg av ein båt. Etter dåpen skal «Aleut» til Murmansk i Russland for å ta ombord utstyr og proviant, før han set kursen mot Prirazlomnoye-feltet som ligg mellom det russiske fastlandet og Novaya Zemlya.

«Aleut» er leidd inn av det russiske oljeselskapet Gazprom og skal betjene Prirazlomnoye plattformen, som starta å produsere olje frå feltet i 2013. Dei to isbrytarane Havyard leverte i 2006 betjener også dette feltet.

I tillegg til å vere eit avansert ankerhandteringsfartøy med plattform forsyningsfunksjonar, er «Aleut» designa og bygd for å operere i ekstreme arktiske forhold. Skipet har isbrytarklasse og maskinkraft som gjer at han kan bryte ein meter tjukk is med tre knops fart og avisingsanlegg for å tåle temperaturar ned til minus 30 gradar. Ein annan ekstremeigenskap er at skipet kan ta rennefart og knuse iskantar med som er åtte meter tjukke under vatn. På prøveturen vart farta målt til 16 knop og slepekrafta til rett over 200 tonn.

Skipet er 86 meter langt og 19,5 meter breitt.