Teigane Vekst, selskapet som har stått for utbygginga av bustadområdet på Fremste Teigane, har starta ein prosess for å få frigitt fem tomter som har vore freda på grunn av arkeologiske funn.

I sakspapira til Hareid formannskap sitt møte måndag denne veka heiter det at Teigane Vekst har hatt kostnader på 615.000 kroner til dei arkeologiske undersøkingane då feltet vart lagt ut til boligformål. Undersøkingane medførte freding av ein gravhaug og nokre dyrkingsspor og kokegroper frå gamal tid i nedre del av feltet.

Vil ha redusert vernesone rundt gravhaug

Teigane Vekst ber om dispensasjon til å bygge over dyrkingsspora og kokegropene – og i tillegg få redusert vernesona rundt gravhaugen frå 50 til 15 meter.

Det blir vist til at kokegropene og dyrkingsspora no er registrerte og at det dermed ikkje skulle vere behov for å la dei ligge. Det blir peikt på at det finst avdekte dyrkingsspor og kokegroper andre stader i kommunen. Teigane Vekst legg til grunn for engasjementet sitt at nye tomter i dette byggefeltet vil vere lette å selje.

- Med på å halde oppe busetjinga

- Ei utviding av feltet vil også vere med på å halde oppe busetjinga i Hareid. Det ligg dermed føre ei  «offentleg interesse» for å frigi området, også fordi det er mangel på byggeklare tomter i kommunen, heiter det i søknaden frå Teigane Vekst.