Måndag kom det fleire meldingar i nyheitene om at flyktningstraumen inn til Norge har teke av såpass mykje at UDI ikkje lenger har stort behov for nye mottaksplassar. Same dag kunne Østfinnmark politidistrikt fortelje at det denne dagen ikkje kom ein einaste asylsøkjar til Norge via Storskog ved Kirkenes.

Eit mottak som uansett skal opprettast er Melshorn Hotell på Hareid. Måndag bekrefta Utlendingsdirektoratet (UDI) at dei har inngått ein avtale med hotellet om akutt innkvartering av asylsøkjarar. Den siste tida har hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll og dei andre tilsette gjort hotellet klart for å ta i mot inntil 112 personar.

- Arbeidet har gått mest ut på å lage til nok spiseplassar i restauranten og elles ommøblere litt. Det har vore hektisk, men no er vi klare til å ta dei som kjem godt i mot, fortel Røssevoll.

Frå og med måndag

Avtalen med UDI gjeld i første omgang fram til 6. februar. I avtalen er det også teke med ei moglegheit for å forlenge perioden med to pluss to månader.

- Det er gjensidig oppseiing av avtalen minst tre veker før sluttdato, så no gjenstår det å sjå kor lenge det blir mottak her, seier Linda Haddal Røssevoll.

Ho fortel at avtalen med UDI går ut på å forsyne asylsøkjarane med kvar sin sengeplass, samt tre måltid per dag. Frå og med måndag er mottaket oppe og går.

- Vi er klare til å ta dei i mot, og vi gler oss til å kome i gong med drifta. Dei tilsette har vore veldig positive til dette heilt frå då eg sa i frå, og dette har også generert ekstra jobb for dei ekstrahjelpene vi har, i tillegg til at vi har vore nøydde til å få inn fleire, seier Røssevoll og legg til:

- Også folk i lokalmiljøet eg har treft på har forståing for dette. Det er tøffe tider i bransjen, og det er per i dag ikkje grunnlag for å drive hotell. Vi vil også ta eit samfunnsansvar.