Fleire grupper og enkeltpersonar har i desse dagar levert inn klage på Hareid kommune sitt vedtak om å gi Ulmatec løyve til å fylle ut det siste sandstrandområdet i Hareid sentrum, mot søre molo.

Kommunen blir kritisert for å ha gått uløyves fram utan å ha halde seg til tidlegare vedtak og vanlege reguleringsprosedyrer.

Det blir blant anna vist til eit kommunestyrevedtak frå 2007, der ordlyden var formulert av Oskar Grimstad:

«Hareid kommunestyre er innstilt på at føringane i kommuneplanens arealdel for dette området må vike til fordel for Ulstein Marine sine utbyggingsplanar, men tek atterhald om at det vert regulert ei buffersone mellom moloen og industriområdet, gjerne bevaring av sandstranda, og at turvande areal til nødvendig infrastruktur (reinseanlegg) vert sikra.»

-  Mangelfullt og sviktande opplyst

Den største protestgruppa har signatørane Agnes Hareide, Anne-Marie Saunes Overå, Gaute Hareide, Roger Wagland, Marte Hareide, Elin Marte Hareide, Elliot Vasstrand Hodge, Sara Vasstrand Hodge, Frida Vasstrand Hodge, Karsten Vasstrand Hodge, Anne Vasstrand og Reidunn Øvrelid Røyset. Dei viser til at utfyllingsløyvet ikkje er gjort utifrå den reguleringsplanen det viser til, men utifrå ein ny reguleringsplan med uklar planstatus.

Gruppa avviser kommunen sin påstand om at det «nødvendigvis ikkje er i strid med reguleringsplanen» å legge området ut til industri når planen i hovudsak legg opp til trafikkareal.

- Vi oppfattar her trafikkareal å tyde trafikkføremål, og dette føremålet er eit anna føremål enn formål industri, skriv gruppa, som også krev at ein søknad om dispensasjon må handsamast etter den saksgangen som gjeld for dispensasjonar.

Gruppa viser også til at Hareid kommune sjølv skriv at det ikkje går fram av søknaden kva som er føremålet med utfyllinga.

– Vedtaket er mangelfullt og sviktande opplyst, hevdar då gruppa og viser til det forvaltningslova seier om utgreiings- og informasjonsplikt.

Kva ein kan få til

Gruppa peiker også positivt på kva ein kan få til av turområde og grøntstruktur i området mellom sentrum og Hareidselva, medrekna ein gang- og sykkelveg som sikrar ferdselen.

- Uansett er dette det einaste området som er att av naturleg strandsone i Hareid krins. Og då det einaste strandlinje- / fjøreområdet som born og unge, i fritida og gjennom skule og barnehage, har tilgang til utan å vere avhengig av skyss, heiter det i protestbrevet, som legg til: - Når vi no veit at strandsona / badestranda på Raffelneset ikkje vart verna, og at elveosen til Hareidselva er fullstendig utbygt, så er det desto meir grunn til å sjå på korleis ein kan ivareta naturverdiane og rekreasjonsområdet i dette planområdet.

Artsmangfald på retur

Norsk Ornitologisk Forening, Ytre Sunnmøre lokallag, v/ Kjell Mork Soot peiker på at det no er lite att av dei verdfulle våtmarksområda i Hareidsdalen og ved sjøen. Men, påpeiker han; det som kan verke betydningslaust ved første augnekast, som denne sandstranda, kan ha stor verdi i seg sjølv. Hareidssanden var i si tid vide kjend for dei store mengdene av flyndrearten «raudspette», som det i dag er lite att av. Han minner også om at slike grunne strender er oppvekststad for fiskeyngel.

Mork Soot peiker også på det løftebrotet som har vore etter at Hareidselvosen vart flytta og industrien fekk utvide seg den vegen, mot sør. Dette vart tillate med ei felles forståing og lovnad om at sandstranda skulle få vere i fred. - Lovnader som er gitt, gjeld tydelegvis ikkje lenger, for dei som har med denne saka å gjere, skriv Mork Soot, og viser til at tre artar står i fare, i større eller mindre grad, ved ei utfylling: dvergdukkar, oter og tjeld. Av dvergdukkar er her frå 24 til 42 hekkepar i heile Norge. I Rogaland og i Møre og Romsdal er her 10-15 par i kvart av fylka.

- Området her, og elles i sjøkanten og fjøra på indre Hareid, er eit område som har vore mykje brukt som ekskursjonsområde for skulen i Hareid. Det er no viktig at kommunen ser verdien av alt dette, og bryr seg om kva slags liv dei som kjem etter oss her i bygda skal få. Asfalt, betong, steinfyllingar og øydelagd natur er det vi tilbyr dei som kjem etter oss. Det tener oss til lite ære, skriv Mork Soot.

Også Norges Naturvernforbund v/ Kersti Hasund har kritisert utfyllingsvedtaket. I tillegg har eit nokre oppsitjarar klaga på manglande nabovarsling.