Vikebladet Vestposten har fått løyve av mannen som filma videoen, Bjørn Arve Brune frå Stranda.

Ein video som heilt tydeleg viser kor utfordrande det er for ferjemannskapet på bilferja å legge den til kai. No skal det også seiast at det har vore og framleis er svært dårleg vêr, og at forholda hadde vore tøffe uansett kva båt det hadde vore snakk om.

- Der kjem ho juleferja..... Å der fer ho igjen... Kanskje ta med bil og passasjerer neste tur då, skreiv Bjørn Brune over videoen som han publiserte på sin private Facebook-konto laurdag.

Til Vikebladet Vestposten fortalde Brune tidlegare laurdag at han skulle ta ferja, men at den måtte prøve ein gong til før den fekk lagt til. Mykje vind og sterk straum gjorde det vanskeleg fyrste gongen.

Sjå video i toppen av saka.