– Koding er kjempekjekt!

Erfaringane etter berre kort tid med opplæring i koding i grunnskulen i Ulstein er mange og gode.

Eg ser absolutt verdien av dette.

Helge Stjern Tvedt
Nyhende

– Koding er kjempekjekt! Mykje kjekkare enn vanleg skule. Men vi lærer mykje også då.

Det seier Tobias Skogen og Ingrid Bergseth Ramstad, som går i første klasse ved Hasund skule.Det har ikkje gått lange stunda sidan Vikebladet Vestposten kunne fortelje at Ulstein kommune som første kommune i landet innfører koding som ein del av undervisningsopplegget i grunnskulen, og då spesielt mynta på mellomtrinnet, eller 4.–7. klasse. Men også dei som er yngre får prøve seg.

Lokalavisa tok seg ein tur ut til dei yngste og dei eldste elevane i kommunen som lærer koding gjennom opplegget til LKK (Lær Kidsa Koding). 1. klasse ved Hasund skule får prøve seg litt med enkle program, som gir ei grei innføring i koding.

– Eg fekk tips frå ein far om at det hadde vore kjekt om vi prøvde dette. Det er sjølvsagt mykje leikprega, men dei lærer allereie no det grunnleggjande. Det er mange kjekke program dei kan prøve, og eg ser absolutt verdien av dette, seier kontaktlærar Helge Stjern Tvedt og legg til:

– Det handlar om at borna får sjå korleis ting heng saman. Det handlar om å tenkje logisk og å sjå fleire steg framover.For førsteklassingane går det mykje i oppgåver der figurane frå spelet «Angry Birds» står i fokus.

– God nytteverdi

Vi flyttar oss så til Ulstein skule, der 7. klasse var i full gong med sitt kodeopplegg. Det er først og fremst mellomtrinnet Ulstein kommune ønskjer skal lære koding, og sjølv om det ligg på eit lågt nivå enno, ser kontaktlærar Knut Vikebakk heilt klart framgang med elevane sine.

– Ja, det gjer eg. Det er ein god nytteverdi i å ha fokus på dette. Eg meiner det er veldig positivt at lærarar som meg, som eigentleg ikkje kan noko om programmering, kan nytte eit fiks-ferdig opplegg frå Lær Kidsa Koding. Utover det tenkjer eg det er positivt å utforske ein annan arena enn ein vanlegvis gjer i skulen.

Kommunalsjef for oppvekst i Ulstein, Gry Nordal, får gode tilbakemeldingar frå skulane.

– Det vi høyrer er berre positivt. Det vitnar om at dette er ei bra satsing, og det tek vi med oss i det vidare arbeidet.