Heile 57 løparar stod på startstreken under Grimstadvatnet rundt i dag, laurdag.

Den første i mål var Joakim Tranvåg. Tida hans vart sterke 25,41. Dette er ny personleg rekord og blant dei aller beste tidene i Grimstadvatnet rundt si historie. (Plasseringa her skal vi sjekke nærare ).

- Forholda i dag var gode, nesten perfekte, kommenterer Tranvåg, som for tida studerer samfunnsøkonomi i Exeter, Sør-England.

Han fortel til vikebladet.no at han trenar kvar dag.

- Det blir nokre mil kvar dag, svarer han, utan å definere treningsøktene nærare.

Godt resultat vart det også på den beste kvinna, Jenny Stokkevåg Berg frå Dimna IL.

Med tida 30,29 vart det ny personleg rekord.

Resultatliste:

Jenny Stokkevåg Berg frå Dimna IL persa seg i Grimstadvatnet rundt med tida 30,29.