Ein stor del av asylsøkjarane på akuttmottaket på Hareid er kurdarar. Rundt førti stykke av dei er kurdarar frå Iran, Irak og Syria. Mange av dei er menn, men det er også kvinner og barn.

Småbarnsfedrane Ako og Ali har kome hit aleine. Dei forklarar at det vart for vanskeleg å flykte med kone og barn. Det er inga lett reise dei har vore gjennom. Dei tok ikkje risikoen med å ta borna med i ein dårleg båt over havet frå Tyrkia til Hellas. Kone og born er igjen med svigerfedrane deira.

Ako og Ali fortel at dei saknar borna sine, men dei såg ikkje anna råd enn å flykte frå heimlandet.

Dårleg likt

Kurdarane på Melshorn Hotell fortel at arabarar likar dårleg kurdarar. Kurdarane får ikkje same rettane som andre innbyggjarar i landa.

Ali (22 år) kjem frå den syriske delen av Kurdistan, men der var det så ille at han drog til Irak. Kurdarar fekk ikkje pass eller identitetspapir i Syria før i 2013. I Syria kan kurdarar ta universitetsutdanning, men dei får ikkje jobb der dei får nytta seg av universitetsutdanninga si, sidan dei er kurdar. Og det er forbode å publisere noko på kurdisk språk.

– Er du i fare om du reiser tilbake?

– Ja, for fem dagar sidan bomba dei i byen eg kjem frå. Seks menneske vart drepne, fortel Ali.

Vanskeleg situasjon

Ako (28) var målar i Teheran. Det er dårleg med menneskerettar for kurdarar i Iran. Dei har til dømes ikkje lov til å gje borna sine kurdiske namn. Han har også ein vanskeleg familiesituasjon.

– Det er umogleg for meg å bu der. Eg kom til Noreg, her er eg i gode hender. Tusen takk!, seier Ako.

– Islam er problemet

Dei meiner islam er ein del av problemet. Ein del kurdarar er også muslimar, men dei er sunnimuslimar. Det er konflikt mellom sjiamuslimar og sunnimuslimar, og dei styrande i Iran er sjiamuslimar. Såleis blir kurdarane også undertrykt som sunnimuslimar.

– Islamske reglar der dei følgjer Koranen er veldig harde for kvinner og fridomen deira, kommenterer dei.

– Ver så snill og hjelp oss og gje oss retten til å emigrere og få borgarskap i Noreg. Hjelp oss å få familiane våre til Noreg. Då er alt godt, tryglar dei unge mennene og er fulle av lovord over kor godt dei har det her.

ps: takk til Azad Karimi for jobben som tolk under intervjuet.

Fakta om Kurdistan

* Kurdistan er ikkje eit juridisk eige land. Kurdistan er landområdet der kurdarane held til, det strekkjer seg over Tyrkia, Iran, Irak og Syria.

* Kurdarane har lenge vore utsett for systematisk undertrykking frå dei dominerande folkegruppene og statsmaktene. Mange stader er det forbode å bruke kurdisk språk og kurdiske nasjonale symbol.