KLAR ENERGI AS med Ragnar Tafjord som kontaktperson har søkt støtte på kr. 145.000 frå næringsfondet i Hareid.

Selskapet har adresse på Raffelneset og er eigt av Hareid Elektriske AS på Hareid og Gjerde Invest AS i Ulsteinvik.

Selskapet vil jobbe med fornybare energikjelder og rettar seg i første omgang mot offentlege bygg, større industribygg og etter kvart den private marknaden.

Selskapet skriv sjølv at dei i første omgang vil utvikle meir robuste festemateriell og teknikkar til samanmontering og feste av solcellepanel og vindturbinar som er tilpassa vêrharde kystområde.

Selskapet vil gjennomføre eit prosjekt der dei både gjer re-design av eksisterande festemateriell med nye materialkvalitetar og utviklar og produserer nye og forbetra typar festemateriell.

Selskapet vil starte prosjektet umiddelbart og håper å ha det avslutta mot slutten av 2016.